33/2019 Lisensteljing SAP for 4. kvartal 2019

Varsel om gjennomføring og fristar i høve lisensteljing for alle lønnskundar.

Oppdatert

Bakgrunn

Lisensteljing blir gjennomført i forkant av kvart kvartal. Prosedyren er skildra i sjekklista «Lisenstelling for fakturering av lisenser og drift», datert 11.august 2017. Sjekklista er tilgjengeleg i DFØ Brukardokumentasjon.

Gjennomføring og fristar

DFØ vil gjennomføre lisensteljing i perioden 19. august til 9. september 2019.

Punkt 8 og 14 i sjekklista er dei viktigaste punkta for kundane.

Fristen for tilbakemelding etter kontroll av teljeresultat er 28. august 2019 (sjekklista pkt. 8), og for fakturagrunnlaget 6. september 2019 (sjekklista pkt. 14).

Vi minner om at ingen nye brukarar må opprettast mellom utgangen av 9. arbeidsdag (29. august) og utgangen av 11. arbeidsdag (2. september), jf. sjekklista pkt. 10. Automatisk brukaroppretting vil også vere avslått i denne perioden. Endringar gjort i stopperioden blir effektuert når perioden er slutt.

Kontaktinfo

Har du spørsmål om innholdet på denne siden?

Kontakt kundesenter for lønn

Fant du det du lette etter?