Arbeidsgivarportalen

Arbeidsgivarportalen er fagsider som samlar kunnskap, erfaringsdeling og rettleiing på områda arbeidsgivarpolitikk, omstilling, leiing og kompetanseutvikling i staten. Her finn du arbeidsgivarstøtte og Arbeidsgivarrådet.

Oppdatert

På Arbeidsgivarportalen finn du det det DFØ jobbar med når det gjelder god leiing i staten, kompetansetiltak og støtte til arbeidsgivarar i staten.

Arbeidsgivarportalen er nettsider med relevant og nyttig fagstoff, gode eksempel, malar og verktøy på ein og same stad.

Arbeidsgivarstøtta til DFØ

Portalen er inngongen til arbeidsgivarstøtta som DFØ tilbyr statlege arbeidsgivarar

Arbeidsgivarstøtta til DFØ  gir direkte rettleiing og støtte i meir komplekse saker, eller i saker som du ikkje finn svar på i portalen. Arbeidsgivarstøtte består av fagpersonar innan jus, HR, leiing, kompetanse og organisering.

Erfaringsrommet

Erfaringsrommet  er eit tilbod der arbeidsgivarar og HR i staten kan dele sin kompetanse og erfaring med andre i statlege verksemder.

På Arbeidsgivarportalen finn du informasjon og rettleiing og verktøy om aktuelle satsingar:

Inkluderingsdugnaden

Inkluderingsdugnaden. Her finn du informasjon om kva du som arbeidsgivar må gjere for å nå målet om at fem prosent av alle nytilsette i staten skal ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Du finn gjeldande regelverk, rettleiing i korleis rapportere i årsrapporten og kva du må tenkje på når du skal rekruttere meir inkluderande.

Traineeprogrammet i staten for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning er ein del av inkluderingsdugnaden, og driftast av DFØ.

For deg som skal ta inn lærlingar

Lærlingordninga .  Det er eit krav at alle statlege verksemder skal ha minst ein lærling. På desse sidene finn du all informasjon om kva du må treng for å bli ei lærebedrift, og korleis OK stat (opplæringskontoret for statlege verksemder) kan støtte deg.

Arbeidsgivarrådet

På portalen finn du også informasjon om arbeidsgivarrådet i staten. Arbeidsgivarstøtte i DFØ er sekretariatet til Arbeidsgivarrådet.

Arbeidsgivarrådet skal gi Kommunal- og moderniseringsdepartementet betre informasjon og meir kunnskap om statlege verksemder.

Kontaktinfo
Har du spørsmål om innholdet på denne siden, send en e-post til postmottak@dfo.no.
Fant du det du lette etter?